156 på sjukehus med covid-19

Onsdag var 156 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus i Noreg. Det er ei auke på sju frå tysdag og det høgaste talet sidan 20. april. 24 av pasientane får respiratorbehandling. Det er to fleire enn dagen før, ifølge Helsedirektoratet.

122 av koronapasientane er innlagde på sjukehus i helseregion Sør-Aust, 17 er innlagde i Helse Vest, 14 er innlagde i Helse Midt-Noreg og tre er innlagde i Helse Nord.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no