1500 brannmenn kjempar mot flammar

1500 brannmenn er sett inn i sløkkingsarbeidet i ein ny skogsbrann i California, skriv Reuters.

Brannen, som har fått namnet Alisal, har slukt eit terreng på rundt 62 kvadratkilometer sør i delstaten, vest for Santa Barbara.

Brannen starta måndag. Store område er evakuert.

Alisal fire burns near Santa Barbara, California
Foto: Aude Guerrucci / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no