Hopp til innhold

120 båtflyktningar fekk gå i land

Rundt 120 rohingya-båtflyktningar fekk gå i land etter dagevis utanfor kysten. Båten deira blei taua til land frå ein avstand på rundt 85 kilometer, skriv NTB.

På onsdag sa indonesiske myndigheiter at flyktningane, inkludert mange barn, ikkje fekk gå i land og at dei ville taue båten tilbake til internasjonalt farvatn. FNs høgkommissær for flyktningar applauderer indonesiske myndigheiter for å ha endra avgjerd.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no