Hopp til innhold

Frp krev svar om eksamenskaos

Framstegspartiet krev at kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) svarar Stortinget om datatrøbbelet som førte til at tusenvis av elevar ikkje fekk logga inn då dei skulle avlegge eksamen måndag.

– På bakgrunn av opplysningane som har kome fram, begynner dette å likne ein skandale. Dette går utover dei elevane som har arbeidd hardt for å ta eksamen, seier skulepolitisk talsperson i Frp, Himanshu Gulati til NTB.

Også SV har kravd svar frå Brenna. Dei meiner saka viser at dagens eksamensform er utdatert.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no