Hopp til innhold

Tonnevis av kokain i bananlast i Italia

Politiet fann 2,7 tonn kokain i ein hamneby i Sør-Italia tysdag. Det italienske økokrim-politiet Guardia di Finanza melder om eit beslag av «ekstrem grad av reinheit».

Narkotikaen blei funnen i eit skip som låg til kai i byen Gioia Tauro i den søritalienske regionen Calabria. Han blei funnen i ei last på 78 tonn bananar.

Politiet anslår gateverdien av dopet til å vere rundt 800 millionar euro, tilsvarande over 9 milliardar kroner. (NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no