Hopp til innhold

Sør-Afrika nektar for å ha forsynt Russland med våpen

Ministeren som leiar Sør-Afrika sin komite for våpenkontroll, Mondli Gungubele, nektar i eit radiointervju for å ha forsynt Russland med våpen, melder Reuters.

– Dersom det har kome våpen om bord eit skip til Russland er det ulovleg og upassande, seier Gungubele til radiostasjonen 702.

USA sin ambassadør til Sør-Afrika, Reuben Brigety, kom i går med skuldingar om at landet har forsynt Russland med både våpen og ammunisjon.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no