Hopp til innhold

Raudt sluttar seg til Ukraina-avtalen på Stortinget

Raudt stod utanfor då dei andre partia på Stortinget vedtok milliardpakka på Ukraina i vinter. No har partiet snudd om våpenstøtte og blir med på avtalen.

– Det har aldri vore noko mål for Raudt å stå utanfor avtalen om ei storstila støtte til Ukraina og andre land som blir råka av krigen sine ringverknader, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes til NTB.

Raudt var einaste parti som ikkje støtta avtalen som blei signert 16. februar. Grunnen var at partiet ikkje ville gje våpen, men i helga vedtok Raudt sitt landsmøte å snu i saka.

– No er òg Raudt for norsk våpenhjelp til Ukraina, med eit klart landsmøtefleirtal i ryggen, seier Moxnes.

Ukraina-pakka utgjer 15 milliardar kroner i årleg støtte, i fem år framover.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no