Hopp til innhold

Ukrainsk journalist skoten og drepen i Kherson

Ein ukrainsk reporter som arbeidde som assistent for ei italiensk avis, er skoten og drepen. Ein italiensk kollega er såra, melder avisa La Repubblica.

Korrespondenten Corrado Zunino frå avisa og den lokale fiksaren og medhjelparen Bogdan Bitik skal ha blitt skotne etter onsdag i utkanten av byen Kherson.

Begge reporterane har dekka krigen utførleg. Dei bar skotsikre vestar påtrykt ordet «Presse».

– Bitik overlevde diverre ikkje. Han etterlèt seg kone og ein son. Vår korrespondent er såra i skuldra og blir behandla på eit sivilt sjukehus i Kherson, opplyser avisa. (NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no