Forventar sjukdomsutbrot i Sudan
Verdsorganisasjonen for helse (WHO) reknar med stigande dødstal i Sudan grunna sjukdomsutbrot og mangelen på fungerande helsehjelp.
Generalsekretær Tedros Ghebreyesus seier onsdag at kring 16 prosent av helsetenestene i hovudstaden Khartoum er i drift.
– På toppen av dødstala som fylgje av kampane forventar vi mange fleire dødsfall som fylgje av sjukdomsutbrot, lite fungerande helsehjelp, manglande vaksinering og dårleg tilgang på mat og drikke, seier han.