Hopp til innhold

Medlemmer forlèt Raudt etter våpenvedtak

Minst 50 medlemmer har meldt seg ut av Raudt, medan åtte har gått inn i partiet, etter det omstridde vedtaket om å støtte våpenbidrag til Ukraina i helga.

Det opplyser Ole Mjelstad i Raudts informasjonsavdeling til Nettavisen. Raudt hadde 14.214 medlemmer i 2022.

– Det standpunktet Raudt har teke no, ville vore heilt utenkjeleg før krigen, så det er ikkje så overraskande, seier valanalytikar Svein Tore Marthinsen om utmeldingane.

Eit fleirtal på 107 delegatar på Raudts landsmøte gjekk søndag inn for å sende våpen til Ukraina, medan 74 stemde nei.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no