Hopp til innhold

ABC: Ni soldatar omkom i helikopterkrasj

Alle ni om bord dei to helikoptera til det amerikanske forsvaret som krasja onsdag kveld lokal tid, er døde, melder ABC News.

Flygingane skal ha vore eit «rutinemessig treningsoppdrag», har forsvaret sagt til ABC. Forsvaret melder at dei om bord skal ha brukt nattbriller.

Krasjet skjedde i Trigg County, eit stykke frå Fort Cambell på grensa mellom Kentucky og Tennessee. Eitt av helikoptera hadde fem personar om bord, medan det andre hadde fire.

– Vi fokuserer no på å vareta dei som gjer teneste og familiane til dei råka, seier talsperson Nondice Thurman.

US Military Helicopter Crash
Foto: Brandon Smith / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no