Brann etter togavsporing i Minnesota
Over 22 togvogner har spora av ved Raymond i Minnesota, skriv den lokale kanalen Fox 9.
Ifylgje sheriff-kontoret i Kandiyohi fylke var toget lasta med etanol og maissirup. Innbyggjarar i området er evakuert som fylgje av brann etter togavsporinga.