Hopp til innhold

Kraftig auke i talet på skytedrap i Sverige i fjor

I 2022 mista 116 personar livet som følgje av dødeleg vald i Sverige. 63 personar vart drepne med skytevåpen, ein auke på 18 personar frå året før.

Auken på talet på dødsfall som følgje av vald, var på tre personar frå året før. I 93 av tilfella var offeret ein mann, medan i 23 tilfelle var offeret ei kvinne, viser tal frå Brottsförebyggande rådet (Brå).

I åtte av tilfella var offeret yngre enn 18 år. Dei fleste drapa i Sverige finn stad i storbyregionane, og auken i fjor var størst i politiregion Sør der Malmö er største by. (REU)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no