Hopp til innhold

Tusenvis av mumifiserte bukkehovud funne i Egypt

Arkeologar har funne meir enn 2000 mumifiserte sauehovud i Egypt som vart brukt til ofringar i eit tempel reist for farao Ramses II.

Mumiar av hundar, geiter, kyr og gasellar vart også gravne opp av amerikanske arkeologar i Abydos sør i landet.

Arkeologane trur bukkehovuda var offergåver som tyder på at ein kult feira faraoen tusen år etter hans død. Ramses II regjerte over Egypt i nesten 70 år, frå 1304 til 1237 f.Kr. (NTB)

Bukkehoder Egypt
Foto: AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no