Bagasjetrøbbel på Gardermoen
Søndag ettermiddag er det opp mot 25 minutt ventetid for å levere bagasje på Oslo lufthamn Gardermoen.
– Det er problem med systemet som handterer bagasjen. Det betyr at færre område er opne for levering av bagasjen, og det fører til litt lengre ventetid, seier Erik Lødding i Avinor.
Han opplyser at berre reisande med innsjekka bagasje blir råka. Flytrafikken går som normalt.