Brann i trafostasjon – 40.000 var utan straum
Over 40.000 husstandar miste straumen i Oslo-bydelen Søndre Nordstrand og i Nordre Follo kommune søndag ettermiddag.
– Det er sør i Oslo, frå Bøler og sørover, der vi har eit stort straumbrot. Vi har fått melding om brann i ein transformatorstasjon, seier kommunikasjonssjef Morten Schau i Elvia.
Oslo-politiet melder at brannvesenet er på veg til brannen i Øvre Prinsdals vei.
Nettselskapet Elvia seier det er usikkert kor lang tid det vil ta å skaffe straum til dei råka husstandane.
– Vi må fyrst ha oversikt for å kunne kople inn straum frå andre område, slik at flest mogleg får straum fortast mogleg, seier Schau.