Hopp til innhold

Sommartid har gjeve kaos i Libanon

I Libanon er det no to tidssoner, melder ABC News.

Regjeringa avgjorde nemleg på kort varsel å utsetja overgangen til sommartid med ein månad, til etter høgtida ramadan er over.

Det har ført til kaos, sidan nokon har gått over til sommartid, særleg kristne, medan mange muslimar ikkje har skrudd på klokka.

Ein person fortel til ABC News at han har eit møte klokka 8, og eit kurs klokka 9, men at det ikkje lenger går, fordi dei plutseleg kolliderer.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no