Hopp til innhold

Putin vil utplassere atomvåpen i Belarus

Russland har flytta 10 fly som kan frakte atomvåpen til Belarus. Det melder Reuters som siterer det russiske nyheitsbyrået Tass.

Russland skal ha inngått ein avtale med nabolandet Belarus om å plassere taktiske atomvåpen på deira område.

President Vladimir Putin har ifylgje Tass forklart at dei ikkje vil overføre våpena dit, men stasjonere dei der, slik USA gjer i Europa. Ifylgje Putin vil ikkje dette stride med internasjonale avtalar om atomvåpen.

Den belarusiske presidenten Aleksandr Lukasjenko har stadfesta at Belarus tek del i det Russland har kalla ein «spesiell militæroperasjon» i Ukraina.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no