Hopp til innhold

Telenor droppar TikTok

Telenor Norge føyer seg inn i rekka av organisasjonar som ber sine tilsette om å fjerne appen TikTok.

– Våre eigne sikkerheitsmessige vurderingar tilseier at TikTok utgjer ein betydeleg risiko på einingar med tilgang til våre interne system, opplyser kommunikasjonssjef Julie Hæhre til NRK.

Forbodet gjeld tilsette sine mobileiningar som er sikkerheitsklarerte eller autoriserte. For alle andre tilsette er tilrådinga at dei ikkje brukar appen.

Tidlegare i dag har Oslo og Bergen kommunar sagt at dei ber tilsette fjerne appane. Òg på Stortinget må appen avinstallerast.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no