Tate framleis i varetekt
Ein rumensk domstol har forlenga varetektsfengslinga av den kontroversielle påverkaren Andrew Tate og broren Tristan med ein fjerde månad, melder BBC. Brødrene blei arrestert i desember, og blir etterforska for valdtekt, menneskehandel og organisert kriminalitet. Begge nektar straffskuld. Ifølge rumensk lov kan dei to bli haldne i opp mot seks månader, melder kringkastaren.