Hopp til innhold

Høgre ber forsvarsministeren gje klare fristar for tiltak etter varslarsakene

Færre vil nå tilråda jenter eit år i førstegongstenesta enn tidlegare, syner ferske tal Norstat har samla inn på vegner av NRK. Målinga blei gjort etter sakene om seksuell trakassering og valdtekter i det norske forsvaret. Nå meiner Høgre at forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) må vera tydelegare på kva han nå forventar av endringar i Forsvaret.

Leiar for Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, Ine Eriksen Søreide (H), ber Gram gje Forsvaret klare fristar for når dei skal setta i verk dei varsla tiltaka, og be om ein plan for når ministeren forventar å sjå denne kulturendringa.

– Me skal ha tillit til dei som skal forsvara landet vårt, og det skal vera ein trygg arbeidsplass for dei som tar det ansvaret. Det første og viktigaste er å erkjenna problemet, og det er eit leiaransvar å rydda opp i varslarsakene og kulturen i Forsvaret. Det ansvaret ligg også hos forsvarsministeren, seier Søreide.

Ho spurde også forsvarsministeren om kva fristar han har gitt Forsvaret i spørjetimen i Stortinget i dag. Gram svarte at han i tillegg til å få løpande rapportar frå Forsvaret, ventar på ein ny rapport om dei tiltaka som allereie er sett inn fram mot sommaren.

Medlem av justiskomiteen Andreas Sjalg Unneland (SV) spurte ministeren fleire spørsmål, mellom anna om kva ministeren meiner er rett reaksjon overfor tilsette i forsvaret som ikkje følg opp varslingssaker.

– Det er opplagt at varslingssystemet i Forsvaret ikkje har vore godt nok, svarte forsvarsministeren og la til at dei som ikkje varsla burde bli følgt opp med dei reaksjonane som er tilgjengelege i arbeidslivet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no