Hopp til innhold

Nedgang i ungdomskriminaliteten i Oslo

Talet på barn og unge mellom 10-17 år som blir melde for meir enn fire lovbrot i Oslo, Asker og Bærum held fram med å falle. Det viser Oslo politidistrikt sin 2022-statistikk som blei lagt fram i dag.

– Det auka jamt og trutt fram mot pandemien, før det kom ein betydeleg nedgang. Det spesielle er at det no held fram med å falle, seier Rune Solberg Swahn, leiar av felles eining for førebygging.

Politiet opplyser at det i toppåret 2019 var 224 ungdomar som blei melde til politiet for minst fire lovbrot. I 2022 sokk det til 134, ytterlegare ned 20 frå 2021.

– Erfaringstal tilseier at nedgangen dei to siste åra utgjer 100 potensielle offer som har sloppe å bli utsett for alvorleg kriminalitet, seier Swahn.

For 10-17-åringar var det i 2022 samanlikna med dei tre åra før pandemien prosentvis nedgang i talet på seksuallovbrot (-23,9), skadeverk (-23,7), vinningskriminalitet (-16,9), vald (-8,2) og narkotikasaker (-68,5). For to typar lovbrot har det vore auke: trafikklovbrot (71,3) og økonomisaker (48,6).

Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) meiner utviklinga er positiv.

– Ungdomane våre skal jo vere i skule eller jobb, og ikkje i kriminelle miljø. Om pilene byrjar å peike i riktig retning, så er det bra, seier han.

I 2022 blei totalt 1662 ulike personar i alderen 10-17 år melde til politiet for lovbrot i Oslo politidistrikt. Det er ein nedgang på 5 prosent frå 2021.

Presisering: I den opphavlege meldinga stod det at talet på melde lovbrot held fram med å søkke. Det riktige er at nedgangen som held fram etter pandemien er for barn og unge med meir enn fire lovbrot.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no