Hopp til innhold

Erstatning til dei etterlatne

Bistandsadvokatane sette fram eit krav om erstatning dersom Vassbakk blei dømd. Det har teke lang tid å oppklare brotsverket, og foreldra har i mange år måtte leve med at drapet på dottera står uoppklart. I tillegg har presseoppslag med bilete av Tengs vore ei ekstrabelastning. Etter ei heilskapleg vurdering har retten kome fram til at tiltalte må betale kvar av foreldra 600.000 kroner i oppreisning.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no