Hopp til innhold

Ekstreme kuldegrader i nordaustlege USA

Myndigheitene i regionen New England i nordaustlege USA har åtvara mot kuldegrader under -30 grader og avkjølande vind som gjer at temperaturen kan oppfattast som under -40 grader, melder fleire amerikanske medium.

Dei meir enn 20 millionar innbyggjarane i regionen blir råda til å halda seg innandørs fram til temperaturen er venta å stiga igjen søndag, skriv CNN.

På fjellet Mount Washington i delstaten New Hampshire klarte dei ikkje registrera den oppfatta temperaturen fordi instrumentet ikkje var laga for så låge tal, skriv NBC News.

Laurdag kveld er det venta ein snøstorm i delstaten Maine, der 70.000 menneske kan bli ramma. Politiet oppfordrar innbyggjarane til å halda seg vekke frå opne vegar, då ein fort kan mista sikta.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no