Stans på Bergensbanen etter dyrepåkjørsel
Nattoget frå Bergen til Oslo stod stille mellom Tyristrand og Vikersund i rundt to timer etter å ha køyrt på et dyr.
Rundt halv åtte begynte toget å gå igjen. Det vil ikkje påverka togtrafikken elles, fortel pressevakt i Vy, Siv Westin.
Toget brukte nødbrems for å stansa for dyret, noko som var grunnen til at det stod stille så lenge.
Westin anbefaler passasjerane på toget om å ta kontakt med Vys kundeservice for kompensasjon for forseinkinga.
Passasjer Christar Michelsen fortalte NRK at det var fleire minusgrader på staden, og at fleire av passasjerane fraus.