Hopp til innhold

Statsadvokaten kjem til å anka Yakunin-dommen

Statsadvokaten varslar at dei anker lagmannsretten si frikjenning av russisk-britiske Andrey Yakunin (47), skriv VG.

Statsadvokat Jan Fredrik Glent bekreftar ovanfor NRK at dei vil anke dommen.

– Denne saka har ei klar prinsipiell tilnærming. Den vil ha betydning for alle dei fire dronesakane som no er til behandling i rettsapparatet, seier Glent.

Yakunin er tiltala for brot på sanksjonsforskrifta etter at han flaug ei hobbydrone på Svalbard.

Glent fortel til NRK at dei ankar dommen fordi dei er ueinig i avgjerda frå Hålogaland lagmannsrett, som meiner at flyging av hobbydrone ikkje var brot på sanksjonane.

– Me har ein 14 dagars frist frå i går. Me kjem til å bruke den på å skrive anken, også sender me den ut mot slutten av ankefristen. Så skal den vurderast av ankeutvalet i høgsterett, også får me sjå kva som skjer etter det, seier Glent.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no