Hopp til innhold

USA: Fem politibetjentar sikta for drap

Fem politibetjentar i Memphis er arrestert og sikta for drap etter at 29-år gamle Tyre Nichols mista livet etter eit trafikkstopp 7. januar. Det skriv The New York Times.

I samband med trafikkstoppet skal dei fem ha brukt unødvendig vald på Nichols, som døydde på sjukehus tre dagar seinare som følge av indre blødingar. Hendinga blei filma på politibetjentane sine kroppskamera, men denne videoen er endå ikkje offentleggjort. Nyheitsbyrået Reuters skriv at desse videoane truleg blir offentleggjort fredag.

Alle dei fem politibetjentane mista jobben i Memphis politidistrikt laurdag.

Hendinga i Memphis kjem som ei av fleire hendingar kvar amerikansk politi har brukt overdriven og unødvendig vald mot sivile i USA. I fleire tilfelle har dei blitt kritisert for rasisme. I dette tilfellet er alle politibetjentane svarte, i likskap med offeret.

Ob8hygZk9bA
Foto: AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no