Hopp til innhold

Zelenskyj: Ukrainarane vil skape sitt eige julemirakel

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj sa i juletalen sin at ukrainarane vil skape sitt eige julemirakel når dei står imot den russiske krigsmaskina.

Fridomen kjem med ein høg pris, men ufriheit kostar endå meir, sa han. På bilde som presidentens kontor har lagt ut, står han i boblejakke framfor eit juletre i ein elles mørklagt gate, truleg i hovudstaden Kyiv.

Julaftan var det på dagen 10 månader sidan russiske styrker gjekk til full invasjon i Ukraina, i ein krig som har kravd titusenvis av menneskeliv, enorm liding og som har drive millionar av sivile på flukt.

– Vi heldt ut i starten av krigen. Vi sto imot angrep, truslar, atomutpressing, terror, rakettangrep. Vi vil halde ut denne vinteren fordi vi veit kva vi kjemper for, sa Zelenskyj ifølgje Reuters / NTB.

Volodymyr Zelenskyjs juletale
Foto: Presidents Office Ukraine

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no