Hopp til innhold

Innfører felles mobilladere frå desember 2024

Frå 28. desember 2024 vil det ikkje vere nødvendig å bytte ut lader når du kjøper ny mobiltelefon eller nettbrett, skriv Kommunal- og distriktsdepartementet i ei pressemelding. Forbrukarar skal også ha høve til å kjøpe produkt og ladeutstyr kvar for seg.

Tidlegare i år vedtok EU at alle mobilladere skulle ha ein felles standar, som er den same typen lader som i dag blir brukt til Android-telefonar. Apple har vore motstandardar av ein felles standard for ladarar.

Kravet vil gjelde mobiltelefonar, nettbrett og lesebrett, digitalkamera og videospillkonsollar, høyretelefonar (hovudtelefonar og øyretelefonar), berbare høgtalar, trådlaus mus og trådlause tastatur, berbare navigasjonssystem og berbare datamaskinar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no