Hopp til innhold

Samanstøytar på grensa mellom India og Kina

Soldatar frå begge sider blei fredag lettare såra i ein samanstøyt ved den omstridde grensa Arunachal Pradesh, lengst nordaust i India, opplyser den indiske hæren.

I juni 2020 slåst indiske og kinesiske soldatar med stokkar, stein og knyttnevar. Det førte til at tusenvis av soldatar støtta av artilleri, stridsvogner og fly rykka fram mot delelinja. Minst tjue indiske og kinesiske soldatar døydde i samanstøytane den gongen.

Delelinja skil område som er under kinesisk kontroll på grensa mot Ladakh vest i India og Arunachal Pradesh, der Kina gjer krav på område som i dag er under indisk kontroll. Dei to landa utkjempa ein grensekrig i 1962.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no