Hopp til innhold

Mann sikta for barnedrap i Sverige

Ein mann er sikta for drap etter at eit barn blei funne død i eit husvære i Eslöv i Sverige.

Mannen skal ifølge politiet ha ein relasjon til barnet.

– Vi mistenker det er gjort ei straffbar handling på grunn av informasjon vi har fått, seier Filip Annas, talsmann for politiet, til Aftonbladet.

Det er ikkje kjent kor gammalt barnet er, kva relasjon det er mellom mannen og barnet eller kva omstenda rundt drapet er.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no