Hopp til innhold

Tyskland krev to menn utlevert etter planar om statskupp

Påtalemakta i Tyskland har bede Italia og Austerrike om å få utlevert to menn som blei arrestert i aksjonen mot den høgreekstreme Reichsbürger-rørsla denne veka.

54 personar blir etterforska for å vere knytt til gruppa, som ifølge tyske styresmakter planla å styrte den tyske regjeringa og sette inn eit nytt styre.

Til no er 25 personar gripne, blant dei eit tidlegare medlem av Forbundsdagen, ekssoldatar og tidlegare tilsette i politiet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no