Hopp til innhold

Skattelistene: Næringsminister Vestre har høgast nettoformue

Av medlemmene i regjeringa er det seks personar som er registrert med ein millionformue. Det er næringsminister Jan Christian Vestre (Ap), statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp), klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap), barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) og helseminister Ingvild Kjerkol (Ap). Vestre har ei nettoformue på over 72 millionar, medan Støre har over litt 45 millionar i nettoformue. Det er også næringsministeren som betalar mest skatt av dei nemnde.

Forskings- og utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp), som har vore under hardt vêr frå studentane etter at han blei erklært persona non grata av UiB- og UiO-studentane, hadde i 2021 ei inntekt på rundt 4,6 millionar. Han betalte litt under halvparten av dette i skatt (2.132.520 kroner).

Av partileiarane på Stortinget, er det tidlegare statsminister Erna Solberg (H) som er registrert med høgast nettoformue, med 4.494.004 kroner i 2021. Deretter kjem partileiar i MDG Arild Hermstad med litt under 1,2 millionar kroner. Solberg betalar mest skatt og har høgast inntekt av partileiarane utanfor regjeringa på rundt 1,6 millionar. Forutan leiaren i SV, Audun Lysbakken, er det ingen av dei andre partileiarane som står oppført med skattbar formue for 2021. Krf-leiar Olaug Bollestad, Venstre-leiar Guri Melby og Frp-leiar Sylvi Listhaug står oppført med ei inntekt på over millionen.

Ser ein på partileiarane åleine, er det Jonas Gahr Støre og Erna Solberg som betaler mest skatt. Deretter kjem Venstre-leiar Melby.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap)
Foto: Tale Hauso / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no