Hopp til innhold

22-åring sikta for drap etter nattklubb-skyting i USA

Anderson Lee Aldrich (22) er sikta for drap og hatkriminalitet etter skyteepisoden mot ein nattklubb for skeive i Colorado Springs i USA i november.

Hatkriminalitet har vore ein del av fengslingsgrunnlaget, men påtalemakta har tidlegare sagt at dei ville vente på etterforskinga for å sjå om dette vart ein del av siktinga.

Ved å behalde desse punkta, meiner dei å kunne bevise at drapa var motiverte av hat mot LHBTQ-personar.

Den tiltalte 22-åringen, som er ikkje-binær og ifølgje rettspapira bruker kjønnsnøytrale pronomen, vart arrestert på staden etter masseskytinga 19. november.

Hen har ikkje teke stilling til skuldspørsmålet og har ikkje uttalt seg om angrepet.

I tillegg til at fem personar vart drepne, vart 17 personar såra i angrepet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no