Hopp til innhold

Nord-Korea skal ha fyrt av over 100 granatar

Nord-Korea har skote rundt 130 artillerigranatar utanfor aust- og vestkysten måndag.

Det opplyser Sør-Koreas militære, ifølge Reuters.

Ifølge sørkoreanske medium har det sørkoreanske militære kunngjort at beredskapen blir styrka, og at overvakinga blir skjerpa i samarbeid med USA.

Nord-Korea seier artillerigranatane blei fyrte av som ein åtvaring til handlingar frå det sørkoreanske militære.

Dei siste vekene har Nord-Korea gjennomført fleire rakettestar og fyrt av granatar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no