Hopp til innhold

Sjømateksporten auka i november

Noreg eksporterte sjømat for 14,4 milliardar kroner i november. Det er ein auke på 2,3 milliardar kroner, eller 19 prosent, samanlikna med november i fjor, melder NTB.

Så langt i år har Noreg eksportert sjømat for 138 milliardar kroner, som er 29,2 milliardar kroner meir enn i same periode i fjor.

Ifølge Noregs sjømatråd skuldast veksten høgare prisar, og ikkje større volum.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no