Hopp til innhold

Vulkansk oske blokkerer dagsljoset på Aust-Java

Rundt 2000 bebuarar har måtte flykte frå heimane sine på Java i Indonesia etter utbrot frå vulkanen Semeru.

Lava strøymer ned fjellsida og store mengder oske blanda med monsunregn er spreidd over store avstandar. Oskeskyene er så svarte at dei blokkar ute dagsljoset, fortel augevitne til BBC.

Styresmaktene har heva farevarselet til høgste nivå, og folk er bedne om å halde seg minst 8 kilometer unna. Seks landsbyar er tømte for folk.

Det er så langt ikkje meldt om personskadar. De som har måtte forlate heimane sine, er innkvartert i evakueringssenter.

Gladak Perak Bridge er ødelagt i vulkanutbrudd fra Mount Semeru i Lumajang på Java i Indonesia 4. des 2022
Foto: ANTARA FOTO / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no