Hopp til innhold

Italia evakuerer 1000 personar frå Ischia

Over 1000 personar må evakuere frå byen Casamicciola på den italienske øya Ischia, der elleve menneske miste livet i eit jordskred laurdag, melder Reuters.

Grunnen er at det er venta kraftig regn, og styresmaktene fryktar nye jordskred.

Dei evakuerte blir innkvartert på hotell på andre delar av øya.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no