Hopp til innhold

Opp mot 13.000 ukrainske soldatar drepne

Opp mot 13.000 ukrainske soldatar er så langt drepne sidan Russland invaderte Ukraina i februar.

– Vi har offisielle utrekningar frå generalstaben som viser at mellom 10.000 og 13.000 soldatar er døde, seier Mykhailo Podoljak, som er rådgjevar for president Volodymyr Zelenskyj, til Ukrainas Kanal 24.

På russisk side sa forsvarsminister Sergej Sjojgu at 5937 russiske soldatar var drepne fram til september.

Men begge sider oppgir truleg langt lågare tapstal enn det som er reelt for ikkje å øydelegge moralen til soldatane.

USA sa i førre månad at meir enn 100.000 russiske soldatar er døde eller såra, og at tala på Ukrainsk side er om lag dei same.

I tillegg er mange tusen ukrainske sivile drepne i krigen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no