Hopp til innhold

28 misser jobben i Havforskningsinstituttet

Innan 2024 skal forskingsskipet «Kristine Bonnevie» ut av drift. Med det fell 28 stillingar i Havforskningsinstituttet vekk.

– Det er tungt, og ein trasig beskjed å gje. Dei tilsette har tatt det nøkternt så langt, men eg vil forvente at folk òg blir litt forbanna. Eg skulle ønske eg slapp å gjere dette, seier avdelingsdirektør Inge André Utåker til Nordlys.

Skipet er eitt av instituttet sine fire store forskingsskip. Over nyttår blir det nye skipet «Prinsesse Ingrid Alexandra». Nedbemanninga vil starte i haust, for at «Kristine Bonnevie» berre skal ha eitt skift. Innan 2024 blir skipet seld eller lagt i opplag. (NTB)

Forskningsskipet Kristine Bonnevie
Foto: Havforskningsinstituttet

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no