Hopp til innhold

Drapstrussel stengde Nav-kontor på Kirkenær

Ein drapstrussel retta mot Nav-kontoret på Kirkenær i Grue kommune førte til ta det omgåande måtte stenge.

– Vi fekk torsdag opplyst om at det var ein person som hadde retta ein trussel mot kontoret vårt på Kirkenær. Det var ikkje retta mot ein bestemt person, men mot Nav-kontoret som heilskap, seier Jan Atle Thorvaldsen, leiar hjå Nav Grue til avisa Glåmdalen.

Ifylgje Thorvaldsen blei trusselen retta av ein mann i samtale med distriktspsykiatrisk senter (DPS), og Nav fekk beskjed frå sitt kontaktsenter.

– Det var ein drapstrussel. Prosedyren er at det skal takast på alvor. Vi har alle sett kva som kan skje på eit Nav-kontor. Saka er handtert slik ho skal, med å låse døra, snakke med fylket, kommunen og eg har no vore på Flisa og meldt til politiet, held Thorvaldsen fram.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no