Hopp til innhold

Sør-Afrika: Hardt pressa Ramaphosa i samtalar med partiet

Sør-Afrika sin president Cyril Ramaphosa, som blir skulda for korrupsjon, rådfører seg med leiarar i regjeringspartiet African National Congress (ANC), opplyser ein talsmann.

Fleire sørafrikanske medium meldte tidlegare torsdag at det er «svært truleg» at presidenten går av om kort tid.

– Han ser på ei rekke alternativ og rådfører seg med ei rekke aktørar i ANC, seier talspersonen Vincent Magwenya.

Ramaphosa har vore under sterkt press det siste døgnet i samband med ein rapport som inneheld sterke korrupsjonsskuldingar mot presidenten. Ifylgje rapporten har han òg brote grunnlova.

Kommisjonen bak rapporten blei nedsett etter eit innbrot på farmen hans. Ifylgje skuldingane skal tjuvane ha funne 580.000 dollar i kontantar. Ramaphosa skal ha sørga for at tjuvane blei bortførte og bestukke for å ikkje melde om pengefunnet.

Rapporten konkluderte med at omstenda kring saka er alvorlege og bevisa så konkrete at det bør haldast ein debatt i nasjonalforsamlinga om Ramaphosa bør gå av.

Statskringkastaren SABC skriv at partikollega Tony Yengeni, som sit i ANC sitt sentralstyre, reknar med at han kjem til å gå av.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no