Hopp til innhold

Staten har brukt 15 millionar på laksepermitteringar

Permitteringar i laksenæringa kostar staten millionar av kroner på grunn av særreglar for næringa. Regjeringa vil no undersøke ordninga på nytt.

Normalt må arbeidsgjevar betale dei fyrste 15 dagane med løn ved permittering av tilsette. Slik er det ikkje for fiskeforedlingsbedrifter. Der betalar staten dagpengar til dei permitterte frå fyrste dag. Dette har kosta staten 15 millionar kroner dei siste fire åra, skriv E24.

Det er Arbeids- og velferdsdirektoratet (Nav) som står bak utrekninga.

– Særreglane blei grunna med at råstofftilgangen innanfor denne næringa er mindre føreseieleg enn for dei fleste andre næringar. Vi vil sjå nærare på om ordninga no fungerer etter føremålet, seier statssekretær Maria Schumacher Walberg (Ap) i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Partiet Raudt har føreslått å skrote ordninga.

(NTB/NRK)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no