Hopp til innhold

Ankar ikkje flystyrt-dom

Den nederlandske påtalemakta ankar ikkje dommen etter nedskytinga av Malaysia Airlines-flyginga MH17 i 2014, melder Reuters.

To russiske statsborgarar og ein ukrainsk separatist blei i november funne skuldige i dødsfalla til alle dei 298 menneska om bord. Flyet blei skote ned over Aust-Ukraina, i Donetsk fylke. Dei tiltalte er framleis på rømmen, og dommen blir no difor rekna som rettskraftig.

Den internasjonale etterforskinga blei leia av Nederland, og dommen blei avsagd i ein domstol i Haag. 193 av dei omkomne var nederlandske statsborgarar. Retten fann òg at Russland styrte separatiststyrkane i Aust-Ukraina som var involverte i nedskytinga.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no