Hopp til innhold

Novembervêret: Dobbelt så tørt i nord og dobbelt så vått i sør

I Nordland er det oransje farevarsel for skogbrann, mens Sørlandet har hatt sin våtaste november på lenge.

November var våt, tørr og varm. Klimaforskar Helga Therese Tilley Tajet ved Meteorologisk institutt seier at temperaturen i heile landet var 2,2 grader over normalen i førre månad.

– Det er den 10. varmaste november sidan 1900.

Varmast har det vore på Sørlandet og Vestlandet med 3 grader over normalen for november 2022.

– Det har også vore unormalt tørt. Nedbøren for heile landet ligg 15 prosent under normalen for november, seier Tajet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no