Hopp til innhold

VG: Henriksen og Tonning Riise fekk skattesmell

Dei to tidlegare stortingspolitikarane Martin Henriksen (Ap) og Kristian Tonning Riise (H) er blant dei som må etterbetale skatt etter gjennomgang av Skatteetaten.

– Eg har heile tida trudd at eg har gjort alt riktig. Skatten er allereie betalt, og eg kjem heller ikkje til å klage på vedtaket, skriv Henriksen til VG.

Han var innvald frå Troms mellom 2017 og 2020, og har no fått ein skattesmell på 204.078 kroner for perioden med pendlarbustad.

Tonning Riise har fått krav om 172.278 kroner i skatt for perioden, viser likningane for dei to VG har fått innsyn i.

Avisa har kartlagt skattekrava mot noverande og tidlegare stortingspolitikarar. Av dei 38 som har fått vedtak mot seg har åtte lagt korta på bordet.

Martin Henriksen (Ap)
Foto: Bernt Sønvisen

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no