Hopp til innhold

Ny salsrekord for elbilar

I november blei det seld 15.911 elbilar. Det er ny rekord i salet av elektriske bilar, melder Elbilforeningen.

Førre månad valde 81,6 prosent av nybilkjøparane ein elektrisk bil. Sist rekord blei sett i mars i år, med 13.982 selde elbilar.

– Bilkjøp er den største investeringa for norske hushaldningar etter hus. Bransjen gjer det dei kan for å levere bilane folk har råd til før avgifter gjer det dyrare å velje utsleppsfritt etter nyttår, seier generalsekretær Christina Bu i ei pressemelding.

Frå 1. januar 2023 får elbilar moms på kjøpsprisen over 500.000 kroner, og det blir innført vektavgift på alle nye bilar.

Elbil lader på gata i Oslo, ladestasjon, ladepunkter
Foto: Gorm Kallestad / NTB

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no