Hopp til innhold

Folkehøgskulane reagerer på endringar i opptakssystemet

Opptaksutvalet presenterte i dag sine framlegg for endringar i opptakssystemet til høgare utdanning. Eitt av dei føreslegne punkta er å fjerne poeng for eit år på folkehøgskule. Det reagerer skulane på.

– Vi fryktar at framlegget kan føre til at fleire byrjar på høgare utdanning før dei er klare for det, seier dagleg leiar Anne Tingelstad Wøien i Folkehøgskolerådet i ei pressemelding.

I dag får elevar ved folkehøgskuler to tilleggspoeng når dei søker høgare utdanning.

(NTB/NRK)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no