Hopp til innhold

Få helsearbeidarar tek influensavaksine

Under ein tredel av helsepersonellet i Noreg har vaksinert seg mot influensa i år, viser tal frå Helsedirektoratet.

Det er betydeleg nedgang frå i fjor, då over halvparten vaksinerte seg.

Direktør i Helsedirektoratet, Bjørn Guldvog, seier til NRK at influensavaksinen er viktig for å redusere risikoen for at sårbare pasientar blir smitta av viruset.

– Dei som har kontakt med sårbare pasientar bør bli vaksinert. Det er blant anna alle i den kommunale helse- og omsorgstenesta, seier han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no