Hopp til innhold

EU åtvarar Twitter

EU krev at Twitter må gjere meir for å hindre desinformasjon og følge EUs lovgjeving.

Det kom fram i eit videomøte EUs kommissær for den indre marknaden, Thierry Breton, hadde med Twitters nye eigar, Elon Musk.

Breton sa at Twitter framleis har ein stor jobb å gjere.

– Dei må blant anna implementere transparente brukarvilkår, styrke innhaldsmodereringa merkbart og verne om ytringsfridomen, sa Breton, ifølge Reuters.

Musk og Breton blei samde om å gjennomføre ein «stresstest» i starten av 2023 for å sjå korleis Twitter klarer seg opp mot det europeiske regelverket.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no